Vis studentum.no som: Mobil

Bachelorprogram i samfunnsøkonomi

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Ja

Om utdanningen

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er "rett" billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer ein om slike metodar. Ein lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng ). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi der føljande emne er obligatorisk: ECON140 Matematikk for økonomar, ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori, ECON130 Makroøkonomi I, ECON210 Velferd og økonomisk politikk, ECON230 Makroøkonomi II, ECON240 Statistikk og økonometri og ECON290 Bacheloroppgåva. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).

Valfrie emne i spesialiseringa i samfunnsøkonomi kan veljas blant mange ulike tema:

  • Miljø- og ressursøkonomi
  • Investerings- og finansieringsteori
  • Helseøkonomi
  • Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk
  • Velferdspolitikk og offentleg styring
  • Næringsstruktur og internasjonal handel
  • Politisk økonomi
  • Utviklingsøkonomi

Dei resterande 60 studiepoenga er frie og kan veljast frå andre fag. Ein kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Ein kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa i samfunnsøkonomi.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!