Fransk
Kunnskap om andre språk og kulturar styrker tverrkulturell forståing og internasjonalt samarbeid, ved å opne for handel, diplomati og turisme. Mengda fransktalande menneske er forventa å mangedoblast i løpet av dette hundreåret. Denne veksten er spesielt sterk i Afrika, kor det også er venta ein sterk økonomisk vekst, noko som òg byr på moglegheiter for norsk næringsliv.
På årsstudiet i fransk får du innsikt i fransk grammatikk, og franskspråkleg litteratur og kultur. I tillegg vert det organisert ein studietur til Frankrike i fire veker det første semesteret.
Døme på spørsmål vi drøftar på studiet:
- Korleis blir språk brukt til å skildre klimaendringar, og kva rolle spelar språket i klimadebatten?
- Kva er dei beste metodane for å lære fransk?
- Korleis reflekterer franskspråkleg litteratur vidare tendensar og brot i europeisk kultur?
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, til dømes frå franskundervisning på vidaregåande skole.
Kommende startdatoer
1 tilgjengelig startdato
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...
Highlights