Vis studentum.no som: Mobil

Masterprogram i sosialantropologi

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Master, 2 år
Bergen
2 år
Heltid
Ja

Om utdanningen

Masterprogrammet har som mål å utdanne profesjonelle sosialantropologar som kan ta på seg oppgåver i samfunnet der det er behov for sosialantropologisk ekspertise. I løpet av studiet skal studenten setje seg inn i litteratur der faget sine holistiske og komparative ambisjonar og generelle metodiske og teoretiske tilnærmingsmåtar vert drøfta. Det sentrale arbeidet i studiet er masteroppgåva, basert på eit sjølvstendig planlagt og gjennomført feltarbeid som tek eit semester, over eit emne etter eige val. Masterstudiet i sosialantropologi tek sikte på å kvalifisere studenten til å gjennomføre et sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei masteroppgåve.

Så fort det er praktisk mogleg får studenten tildelt ein fast rettleiar. I fyrste semester blir det halde eit obligatorisk kurs (SANT301) som kastar lys over ulike sider ved forskingsprosessen, så vel metodiske som kunnskapsteoretiske. Emnet avsluttast med ein skriftleg skuleeksamen (20 studiepoeng ).

I dette semesteret følgjer studenten like eins prosjektutviklingsseminar (SANT302) som skal avsluttast med ei godkjent prosjektskildring (10 studiepoeng ). Her skal studenten gjere greie for relevant antropologisk forsking på eit vald tema og på grunnlag av dette formulere nokre fruktbare forskingsspørsmål. Prosjektskildringa utarbeidast i samarbeid med rettleiar.

Feltarbeid (SANT320) er eit praktisk metodekurs som varer i eitt semester der studenten gjennomfører sjølvstendig antropologisk feltarbeid etter dei tematiske og regionale føringane som er definert i prosjektskissa. Studenten har plikt til å skrive minst ein fagleg feltrapport som rettleiar skal kommentere og godkjenne skriftleg. Feltrapporten skal leverast midtvegs i feltarbeidsperioden. Snarleg etter heimkomst frå feltarbeidet deltek studenten i eit obligatorisk skriveseminar som er ein integrert del av SANT350. Seminaret vert arrangert av instittutet berre i haustsemesteret. På bakgrunn av det empiriske materiale som er samla inn under feltarbeid(et) skriv studenten ei masteroppgåve (SANT350).

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

Studentene setter karakterer

Gjennomsnittsrangering: 5

Basert på 1 omtaler

‪samer obaid‬‏
Det er veldig interessant å studere denne typen av studiet, jeg tror at alle konflikter dreier seg om kamper med smale sosiale tilknytninger, som identitet, nasjonalitet, etc. Jeg elsker denne typen av dype studier.
OMTALER
Vurdering
(5,0)
Basert på 1 omtaler