Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Universitetet i BergenPraktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Velkommen til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)! Dette er eit yrkesretta og praksisbasert studium, og er for deg som har fullført ei mastergrad og som vil utdanne deg til å bli lærar.
Som lærar spelar du ei viktig rolle i kvardagen til barn og unge. Samfunnet treng gode lærarar som er der for elevane. Som lærar er du med på å legge grunnlaget for at ungdom kan velje vidare utdanning som gir dei eit meiningsfullt liv i yrke til nytte for heile samfunnet. Læraren er òg ein av dei viktigaste personane i livet til elevane gjennom heile skolegangen. Læraren har ei viktig rolle også som trygg og påliteleg vaksen i elevane sin kvardag.
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.
Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.