Årsstudium

Filosofi

Varighet
1 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato
Varighet
1 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato

Filosofi

Filosofi stiller nokre av dei mest grunnleggande spørsmåla ved det menneskelege tilværet. Årsstudiet er først og fremst for deg som vil supplere tidlegare utdanning, for eksempel for å få undervisningskompetanse i eit nytt fag.

På filosofi diskuterer vi store spørsmål som til dømes: 

Som filosofistudent blir du del av eit aktivt fagmiljø som er kjenneteikna av refleksjon og diskusjon. Du lærer kritisk tenking og øver opp dei analytiske evnene dine ved å studere både klassikarane og moderne filosofi. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå mange av utfordringane vi står overfor innanfor store og aktuelle utfordringar som til dømes klima og miljø, helse og velferd, interkulturell kommunikasjon og global rettferd. 

  • Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn?  
  • Er det berre vitskapen som gir oss påliteleg kunnskap?  
  • Burde eg frykte min eigen død?  
  • Er det mogleg å bli einige om moralske spørsmål?  
  • Kva vil det seie å tenke logisk? 

Samanheng og djupn vert etterlyst overalt i samfunnet i dag, og her kan filosofien verkeleg bidra. Vi har stadig fleire ekspertar på ulike område, men filosofien tek for seg grunnstrukturane i vitskap og samfunn. Heller enn å svare på korleis ein kan få rettferd, til dømes, spør filosofane om kva rettferd eigentleg er. Filosofi stiller spørsmål ved etablerte sanningar, og er difor ein spore til endringar og gjennomtenking av kva som verkeleg betyr noko vesentleg.  

Kommende startdatoer

1 tilgjengelig startdato

Vår

  • Klasserom
  • Bergen
Universitetet i Bergen
Postboks 7800
5020 Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...

Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Bergen

Highlights