Bachelor

Arabisk

Varighet
3 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato
Varighet
3 år
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato

Arabisk

Arabisk er morsmålet til meir enn 300 millionar menneske verda over, og er eit viktig verdsspråk. Arabiskstudiet gir deg stor innsikt i interkulturell forståing og kommunikasjon. Det gjer deg betre rusta til å forstå samanhengen mellom arabisk språk, kultur, religion og politikk.

Bachelorprogrammet i arabisk inneheld først og fremst eit intensivt språkkurs der du begynner frå null og opplever rask framgang. Du får òg ei innføring i arabisk språkvitskap, dialektar, litteraturhistorie og grunnleggande sjangrar.

Du lærer å bruke verktøy som translitterasjon (å omskrive ein tekst frå eitt alfabet til eit anna), ordbøker og andre oppslagsverk, og ikkje minst nye digitale verktøy. Arabisk er eit uvanleg systematisk språk og har ein sterk indre struktur. Kjerna i faget er derfor arabisk grammatikk, noko som er viktig for rask utvikling av ordforråd, leseforståing og rettskriving.  

  • Kva slags utfordringar møter ein i omsetjing til og frå arabisk? 
  • Kva rolle spelar det arabiske språket i arabisk presse og politiske konfliktar?  
  • Korleis blir arabisk identitet uttrykt gjennom språk i skriftlege medium?  
  • Kva utfordringar møter muslimar i vestlege samfunn?  

Med studiar i arabisk får du ei spesiell forståing av den arabiske kulturen og språket. Dette er ein nyttig kompetanse med den voksande betydinga av Midtausten i internasjonale saker og verdshandel.  

Kommende startdatoer

1 tilgjengelig startdato

Høst

  • Klasserom
  • Bergen
Universitetet i Bergen
Postboks 7800
5020 Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...

Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Bergen

Highlights