Vis studentum.no som: Mobil

Bachelorprogram i informatikk: data science (datavitskap)

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Ja

Om utdanningen

På datavitskap lærer du å programmere i Java og Haskell, men du lærer også matematikken som ligg til grunn for mange av dagens teknologiske løysingar. Du tileignar deg ein sterk teoretisk kompetanse innanfor programmeringsspråk, algoritmar, og modellering ved hjelp av matematikk. Utvikling av avanserte datasystem krev presis formulering og modellering av problemstillingar, og ei evne til å finne fram til kjernen av problemet uansett om det dreier seg om klimamodellering, aksjehandel, medisinsk bildebehandling, eller eit nytt strategispel. Sjølv om teknologi forandrar seg, vil kompetansen og forståing for teknologi som du tileignar deg i løpet av studiet vere tidlaus. Datavitskap gir grunnlag for nye løysingar i forsking og utvikling i andre fagfelt, både i naturvitskap, samfunnsfag og medisin. Slik kan studiet fungere som eit springbrett for masterstudium, andre gradar, eller kan tilpassast ved hjelp av valfag til ein frittståande og teoretisk sterk bachelorgrad i programutvikling. Som student hos oss lærer du å jobbe både aleine og saman med andre programmerarar. Du blir ein del av eit aktivt og inkluderande fagmiljø, der du har gode moglegheiter for å bli kjent med framtidige arbeidsgivarar alt undervegs i studieløpet. Fagutvalet organiserer jamlege bedriftspresentasjonar, og kvar veke er det dataorakel der ein kan få svar på spørsmål og ete vaflar med forelesarane. Du kjem til å ha teoretiske emne som bygger forståing av problemstillingar og løysingar, og i tillegg praktiske emne med øvingar på datalab. Her vil studentar som har komme lenger i utdanningsløpet, rettleie og hjelpe deg til å bli en god programmerar og problemløysar. Studieplanen inneheld ein del grunnleggande matematikkemne, og du kan også velje å gå vidare med tyngre matematikk eller supplere med andre fag som interesserer deg. I løpet av studiet tar du også minst eitt fag som er del av mastergradane i informatikk, slik at du får ein smakebit eller tjuvstart på ein framtidig mastergrad.

Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i informatikk: datavitskap gjev deg akkurat denne typen kunnskap.

Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varer lengre enn spesifikk, dagsaktuell teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.

Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalane av masterstudia.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!