Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Sosialt arbeid, sosionom

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Som sosionomstudent lærer du å forstå korleis psykiske og sosiale problem oppstår, og korleis du kan tilby hjelp på ein profesjonell måte. Sosionomen sin kompetanse er retta inn mot lokalsamfunn, organisasjonar, grupper, familiar eller enkeltpersonar. Det vert lagt vekt på å utdanne reflekterte sosionomar som set mennesket i sentrum. Viktige oppgåver for ein sosionom er knytt til planlegging av førebyggande tiltak.

Gjennom sosionomstudiet får du innsikt og kompetanse i korleis samfunnsmessige strukturar og prosessar skapar og held ved like sosiale problem. Du lærer å ta utgangspunkt i brukarane sine behov, og korleis du skal planlegge og organisere tiltak saman med dei. Ved sosionomstudiet ved Høgskulen i Volda vert følgjande kompetansar og perspektiv sett som særleg sentrale utviklingsområde: Studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse, solidarisk heilskapsperspektiv, førebyggande perspektiv, forvaltningskompetanse og analytisk kompetanse.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!