Design, kunst og handverk
Høgskulen i VoldaDesign, kunst og handverk
Bachelor i design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. Det praktiske og skapande arbeidet tek utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar.
Du vert ein del av eit engasjert og inspirerande fagmiljø som skal bidra til at du kan realisere eigne idear, utøve og formidle kunst og kultur. Utdanninga er lokalisert i nyoppussa og velutstyrte verkstadar.