Teater og drama
Som student ved Teater og drama får du ei solid og allsidig utdanning i eit utøvande og svært aktivt fagleg miljø.
Studieprogrammet har ein unik kombinasjon av praktisk skodespelartrening og teoretisk-akademisk utdanning. Du får eit godt fagleg og erfaringsmessig grunnlag for vidare arbeid som til dømes instruktør, produsent, skodespelar, entreprenør, forteljar, museumsformidlar og stemmeskodespelar.