Vis studentum.no som: Mobil

Samfunnsplanlegging og leiing - Master (deltid)

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
4 år, 120 studiepoeng (samlingsbasert)
Master, 2 år
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: Løpende opptak
Ja

Om utdanningen

Master i samfunnsplanlegging og leiing (deltid)

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Høgskulen i Volda tilbyr som den einaste utdanningsinstitusjonen i landet, ei mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas. 

Opptakskrav/Søknad

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, administrasjon og organisasjonsvitskap og økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå
    eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Studiefakta, Tittel m.m

Mastergrad (120 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!