Programmering i skulen
Høgskulen i VoldaProgrammering i skulen
Alle utdanningsstarter
Programmering i skulen
Vidareutdanninga gir deg god kjennskap til programmering på ulike nivå i heile grunnskulen, og du får høve til å fokusere på ønska klassetrinn og fag, som gir deg eit trygt fundament som programmeringslærar. Emnet er tilpassa LK20.
Som student vil du få tett fagleg oppfølging og tilbakemeldingar, samt moglegheiter for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske. Heile studiet vert publisert samla i starten av semesteret og du kan så jobbe deg gjennom innhaldet i eige tempo. Det er ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det.