Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Planlegging og administrasjon

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Vil du vere med på å forme ei berekraftig samfunnsutvikling? Bidra til at det grøne skiftet vert noko vi gjennomfører, ikkje snakkar om? Med denne graden har du stor valgfridom på jobbmarknaden og kvalifiserer for jobb i ei rekkje bransjar i både privat og offentleg næringsliv, i inn- og utland. Berekraft står sentralt, samfunnskunnskap, EU og økonomi står også på timeplanen. Du kan ha praksis og utveksling i utlandet. Vil du studere vidare, tilbyr vi også mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.  

Bachelor i planlegging og administrasjon har som mål å gi deg brei kunnskap om samfunnsvitskaplege emne med innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og juss. Viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking er også ein viktig del av studiet. Du skal mellom anna gjennomføre lokalsamfunnsanalyse med feltarbeid i utvalde kommunar og lokalsamfunn, og lære om regional utvikling i EU. Det vert gjennomført ein studietur til eit av medlemslanda. Studiet er fleksibelt organisert med ein kombinasjon av obligatoriske og valfrie emne. Du kan velje å fordjupe deg i til dømes forvaltningsarbeid, arealplanlegging og GIS eller kommunal økonomi. I tillegg er det mogleg å gjennomføre eit internship for å få meir praktisk erfaring innanfor offentleg, privat eller frivillig sektor.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!