Vis studentum.no som: Mobil

Musikk og livshandtering 1

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Deltid
1 semester, 15 studiepoeng (samlingsbasert)
Årsstudium
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april

Musikk og livshandtering 1

musikkutdanning på høgskulen i volda

Ta eit semester i musikk og livshandtering

Dette emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, til dømes grunnskulen, kulturskulen, helse- og sosialsektoren, det frie kulturlivet og privat næring. Det tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livshandtering og psykisk velvære, og utforskar dei aspekta både praktisk og teoretisk.

Praktisk og teoretisk kunnskap i musikk

Emnet vil gi teoretisk bakgrunnskunnskap og praktisk trening i skapande og medskapande musikkaktivitet, samtidig som musikkaktiviteten vil vere utgangspunkt for refleksjonar og diskusjonar om dei kommunikative og sosiale eigenskapane som slik aktivitet trenar opp. Det blir lagt vekt på det potensialet for modning og samfunnsintegrering som kan fylgje med musikkaktivitetar.

Det estetisk-faglege er hovudfokus, men i dette emnet blir treninga av det estetisk-faglege i tillegg sett på som hjelp til etisk modning og integrering. Å delta i ein gruppeimprovisasjon, til dømes, vil då seie, i tillegg til å dyktiggjere seg på improvisasjon, å utvikle eigen toleranse, ansvarlegdom, samarbeidsvilje og evne til å sjå på kvar tilfeldig livshending som utgangspunkt for å skape noko positivt. Refleksjon og diskusjon er difor ein naturleg del av aktiviteten for nettopp å kunne nære både den estetisk-faglege og den personlege, etiske utviklinga like mykje.

Emnet er sett saman av:

  • Musikk og meistring
  • Samsong og fellesskap
  • Improvisasjon og fridom
  • Akustikk og verdsetting
  • Inspirasjon og indre glød

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Viktige delar av undervisninga vil gå gjennom refleksjon, diskusjon, praktisk øving og framføring.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgrader eller i ei faglærarutdanning, som gir grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Med dette studiet innpassa i ein bachelorgrad vil ein kunne søke seg vidare på masterstudiet Meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. Studiet kan også danne grunnlag for undervisning i kulturskulen.

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

1 semester (bachelornivå) på 15 studiepoeng

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!