Mikrohistorie
Høgskulen i VoldaMikrohistorie
Studiet fokuserer på det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, og kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i det med vekt på analysar av kulturmøte.
Mikrohistorie er ei historiefagleg tilnærming eller eit perspektiv som tek utgangspunkt i til dømes ei enkelthending, eit mindre lokalsamfunn eller ein enkeltperson for å seie noko om generelle forhold. Tilnærminga eller perspektivet kan nyttast på dei aller fleste historiske tema og periodar, frå steinalderen til i dag, og studentane får rettleiing i og høve til å nytte «mikroblikk» på eigne tema.
Høgskulen i Volda
Velkomen til Høgskulen i Volda
Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.
Aktiv fritid i Volda
Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.