Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Journalistikk

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjend for å ha ei av landets leiande journalistutdanningar, og vi utdannar journalistar til redaksjonar over heile landet! Ferske tal frå Studiebarometeret viser at Høgskulen i Volda har landets mest fornøgde journalistikkstudentar, og hausten 2021 flyttar journalistikkutdanninga inn i eit topp moderne mediehus. Undervegs i studiet vel du spesialisering i TV, radio, avis eller nett, og du vil få god praktisk erfaring med innhaldsproduksjon, både på høgskulen og i eksterne redaksjonar. Detaljert studieplan blir publisert innan 1. mars 2021

Bachelorutdanninga gir deg ei grundig innføring i journalistikk, slik den vert praktisert i moderne mediehus. Du får god trening i journalistisk arbeid og kunnskap om journalistikk som fag. Som journalist må du vurdere idear og prioritere nyheiter. I tillegg til god allmennkunnskap, er det viktig å kjenne til media si rolle og funksjon i samfunnet, samt nyheitskriterium og nyheitskjelder. I løpet av studiet skal du kunne meistre relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer. Høgskulen i Volda legg stor vekt på å bruke same utstyr som du finn ute i bransjen.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!