Vis studentum.no som: Mobil

Idrett - Bachelor

Høgskulen i Volda
Sammendrag
Heltid
3 år
Bachelor
Oppstart: Høst - Volda
Søknadsfrist: 15. april
Ja

Idrett - Bachelor

bachelor i idrett ved høgskulen i volda

Ta bachelor i idrett på Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv. Som student ved bachelor i Idrett får du vere med på spennande fysiske aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, symjehall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium, og ikkje minst sunnmørsnaturen.

Høgskulen i Volda tilbyr også Årsstudium i Idrett.

Innhald på idrettsstudiet

Det vert fokusert på fagleg verksemd både i skuleverket, frivillige organisasjonar og ein omfattande fritidsarena. I studiet vert teori kopla til praktiske aktivitetar innanfor trenings- og rørslelære, pedagogikk, didaktikk, helse og idretts-psykologi. Du skal lære å planlegge, gjennomføre og vurdere fysisk aktivitet for born, ungdom og vaksne, og gjennomføre helsefremjande og førebyggjande tiltak, med vekt på fysisk aktivitet. Refleksjon over eiga faglege utøving er ein viktig del av studiet. Om vinteren første studieåret blir det blant anna arrangert skikurs og spenningskurs på Bjorli skisenter.

Vil du studere idrett i utlandet?

Studentane på bachelor i idrett kan gjennomføre delar av studiet ved utdanningsinstitusjonar i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga og arbeidsmåtane varierer mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal. Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudie, deltaking og medansvar. Fronter vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga skal studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kvalifiserer deg for arbeid innanfor idrett og kroppsøvingsfaget. Aktuelle arbeidsstader vil vere skuleverket, vaksenopplæring, kulturforvaltning, Forsvaret og private tiltak innanfor fritidssektoren. Utdanninga vil også gi grunnlag for arbeid innanfor førebyggjande helsearbeid og rehabilitering, og arbeid med born og unge med spesielle behov.

Bachelor i idrett gir grunnlag for opptak til ein mastergrad innanfor fagfeltet. For å få formell undervisningskompetanse i skuleverket, må du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Opptakskrav/Søknad

Generell studiekompetanse.

Studiefakta, Tittel m.m

Bachelorgrad (180 studiepoeng)

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Mellom fjell og fjord, i naturskjønne Sunnmøre, finn du Høgskulen i Volda (HVO). Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje spennande studietilbod, deriblant landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

HVO er den største høgskulen i fylket målt etter tal studentar. Høgskulen har dei siste åra hatt ca 350 tilsette og om lag 4.000 studentar, noko som er om lag 1000 fleire studentar enn for ti år sidan.

Utdanningsområde

  • Administrasjon, planlegging og leiing
  • Estetiske fag, kunst- og musikkfag
  • Helse- og sosialfag
  • Historie og religion
  • Idrett- og friluftsliv
  • Lærarutdanning
  • Medie- og journalistfag
  • Språk og litteratur

Studiebygda Volda

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar.

Studenthuset Rokken arrangerer mellom anna quiz, Open­Mic, disko og konsertar med dei beste artistane i landet.

Kulturelle høgdepunkt er Fadderveka, VEKA, Ekstremsportfestivalen x2, Animation Volda, Sunnmøre kammermusikkfestival, Kaarstadfestivalen og Den Norske Dokumentarflmfestivalen. Studentsamskipnaden i Volda syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Dei aller fleste studentlag og organisasjonar i Volda byggjer på frivillig arbeid, og tilbodet spenner frå studentorganisert idrett, til imponerande naturopplevingar, konsertar, kaféliv og festivalar, samt eit variert tilbod innan studentmedia der studentane kan få prøve seg som journalist og fotograf.

I Volda har studentane råd til å vere heiltidstudentar. Nasjonale undersøkingar, som vert gjennomført kvart år, viser at studentane i Volda har blant dei lågaste bustadsutgiftene i landet. Alle studentbustadane ligg nær høgskulen, så du kan gå eller sykle til høgskulen.

Ta delar av utdanninga i utlandet

Høgskulen i Volda har eit aktivt og internasjonalt engasjement, og er ein av dei beste i Noreg på utveksling knytt til studium og undervisning. Høgskulen har avtalar med utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor­ og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg. 

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda

Tlf: 70 07 50 00
www.hivolda.no

Beskrivelse og bosted

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!