Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Barnehagekunnskap-ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø

Høgskulen i Volda

Om utdanningen

Masterstudiet er profesjonsretta og set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, der perspektiv på både samfunn, profesjon og barn vert lagt vekt på. Sentralt står den profesjonelle barnehagelæraren som skal bidra til å utvikle innhaldet i barnehagen.

Kvart emne går over eitt semester. Som heiltidsstudent tek du to emne per semester og som deltidsstudent tek du eitt emne per semester. Samlingane er primært fysiske med oppmøtestad HVO, men også digitale læringsplattformer vert nytta.

Det er fire samlingar à to dagar per emne. For emne Utforsking i barnehage og nærmiljø, kan det også vere aktuelt med ei samling på tre dagar. Første samling i haustsemesteret 2021 er veke 35.

Høgskulen i Volda

Velkomen til Høgskulen i Volda 

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4500 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda den største utdanningsinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom. Og årlege festivalar som X2 Festivalen og Den Norske Dokumentarfilmfestivalen trekk fleire tusen besøkande til bygda.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen i Volda

Kontaktinformasjon til Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6101 Volda


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!