Italiensk
Universitetet i BergenItaliensk
Italia er humanismens vogge. Landet har alltid stått sentralt i Europa si politiske, religiøse og kulturelle historie. Italia er landet som har flest stadnamn i verda på UNESCO si kulturarvliste, og landet har gjennom fleire hundreår vore ei stormakt innan kunst og kultur.
Italienskstudiet gir varierte innfallsvinklar, men også rom for fordjuping i det du synest er mest interessant. Du får solid dugleik i det italienske språket, og ein grundig kulturhistorisk ballast gjennom studiet av eldre og nyare litteratur. Du får òg kunnskap om samtidskultur, film og TV-seriar.
Italiensk blir tala av om lag 60 millionar menneske og er berar av ein rik kultur som gjennom lang tid har påverka Europa og resten av verda. Gode kunnskapar i italiensk er etterspurde. Italia er ein viktig handelspartnar for Noreg, og det finst derfor mange ulike jobbar her, særleg innan næringsliv og kulturliv.
- Kva viktige hendingar har prega Italia politisk og kulturelt?
- Korleis har arven frå den italienske renessansen sett sitt preg på europeisk kultur?