Sammendrag
Master
Bergen
2 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Kunsthistorie

Kunsthistorie utforskar alle aspekt av det visuelle, frå forhistorisk grottemaleri til samtidskunst i eit globalt perspektiv. Vi ser på biletkunst, arkitektur og byplanlegging, fotografi, og museologi. Det åpner også for tverrfaglege perspektiv, mellom anna ved å  sjå på visuell kultur i brei tyding. Nokre stikkord her er  kjønnsteori, postkolonial teori, samt til dømes  kunstarkeologi, nevroestetikk og vitskapsbilete. Kunsthistorisk teori og metode er ein viktig del av masterstudiet. 

Vi går i djupare i spørsmål som: 

På masterprogrammet i kunsthistorie får du kombinere det akademiske og det kreative. Du lærer å tolke bildekunst, fotografi og arkitektur både historisk og i samtidsperspektiv. Du får erfaring med kombinasjonen av visuell og verbal kommunikasjon og får øving i skriftleg og verbal formidling. Du lærer å tenke kritisk og å jobbe sjølvstendig.  

  • Kva er "kunst"? Finnest det ein "god smak" og kva er det? 
  • Korleis lese museumsutstillingar? 
  • Korleis speler kunst, arkitektur og andre medium saman? 
  • Kva rolle speler digitalisering for den visuelle kulturen? 
  • Korleis kan ein forstå fotografiet som sanningsvitne? 
  • Kva er minnesmerker og kulturarv? Kva forkulturelle rolle har dei? 

Kunsthistorikaren kan bidra til kritisk tenking kring kunsten si rolle i samfunnet, til dømes i høve til offentleg ordskifte om museas rolle og ansvar, utforminga av urbane miljø, offentleg utsmykking, forvaltning av kulturarv og kulturutvikling. Næringslivet og offentlege etatar treng folk med humanistisk bakgrunn for å få eit historisk og estetisk perspektiv på teknologiske og økonomiske spørsmål. 

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!