Bachelor i interiørarkitektur og møbeldesign
Kunsthøgskolen i OsloBachelor i interiørarkitektur og møbeldesign
Avdeling design kan by på eit profesjonsretta, treårig bachelorstudium i interiørarkitektur og møbeldesign.
Vi har ei praktisk tilnærming til undervisninga og i dei rikt utstyrte verkstadene på skulen vert det lagt vekt på eksperimentering. Vi er stolte av å vera ein del av landet sin største kunsthøgskule der samarbeid på tvers av dei ulike fagområda opnar for faglige og kritiske diskusjonar om lokale og globale samanhengar.
Vi definerer interiør som sosiale rom innan ulike kulturar og samanhengar, og møblar som objekt og gjenstandar som står i relasjon til desse. Med tanke på vår felles framtid oppmuntrar vi til kritiske undersøkingar av dei bygde omgjevnadene.
Teori og metode er godt integrert i undervisninga. Utdanninga legg vekt på entreprenørskap og samarbeid med næringslivet for på best mogleg vis måte å gjere studentane rusta til å møte arbeidslivet. Bachelorstudiet dannar grunnlag for vårt ettertrakta masterstudium i design, med spesialisering i interiørarkitektur og møbeldesign.
Bachelorstudiet i interiørarkitektur og møbeldesign har gode internasjonale nettverk og opnar for utveksling ved verdas leiande designskular.
Kunsthøgskolen i Oslo
Kunsthøgskolen i Oslo – Oslo National Academy of the Arts
Ser du etter en kreativ eller kunstnerisk utdanning? Kunsthøgskolen i Oslo består av seks avdelinger, og er en sammenslåing av tidligere selvstendige høgskoler:
- Avdeling Design har fagansvar for utdanning i grafisk design, illustrasjon, klesdesign, kostymedesign, interiørarkitektur og møbeldesign.
- Avdeling Kunst og handverk har fagansvar for utdanning i tekstilkunst, grafisk kunst og teikning, keramisk kunst, og dessutan metall- og smykkekunst.
- Avdeling Kunstakademiet har fagansvar for utdanning innanfor biletkunst og arbeider på tvers av medium, disiplinar og tilnærmingar og handsamar formale og materielle problemstillingar i tillegg til postkonseptuelle, sosiale og politiske spørsmål.
- Avdeling Teaterhøgskolen har fagansvar for utdanning av skodespelarar og regissørar, og fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst og scenograf og dessutan praktisk-pedagogisk utdanning i teater.
- Avdeling Balletthøgskolen har fagansvar for utdanning av koreografar og dansarar innanfor samtidsdans, klassisk ballett og jazzdans og i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning innanfor dans.
- Avdeling Operahøgskolen har fagansvar for utdanning innanfor opera, song- og scenefag, med stor vekt på sceniske produksjonar.