Vis studentum.no som: Mobil

Master i familieterapi og relasjonelt arbeid

Høgskulen på Vestlandet
Sammendrag
Deltid
2 år
Master, 2 år

Om utdanningen

Vil du auke kompetansen din til å jobbe med relasjonar mellom par, familiar, nettverk eller i organisasjonar?

Du får kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.

Studiet er organisert som ei fleksibel deltidsutdanning og nær din eigen arbeidspraksis. Du kan velje mellom to studieretningar:

  • familieterapi og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjonar

Fleire emne frå dette masterprogrammet kan du også ta som frittståande enkeltemne, eller du kan ta vidareutdanning i familieterapi og relasjonelt arbeid (60 studiepoeng ). Har du allereie har fullført vidareutdanning i familieterapi eller ei anna relevant relasjonell vidareutdanning, kan du søke om plass frå og med 3. studieår.

Du lærer blant anna om:

  • samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
  • individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
  • foreldrerettleiing og nettverksarbeid
  • relasjonelt arbeid i organisasjoner og konflikthåndtering

Undervisningsmåtar

Studiet er ein kombinasjon av samlingar og sjølvstudium. Det er fire vekesamlingar i løpet av studieåret.

Du får ei variert og studentaktiv undervisning. Vi har blant anna førelesningar og seminar, og presentasjonar og diskusjonar om erfaringar frå praksis. I tillegg får du praktiske øvingar og ferdigheitstrening, og arbeid i grupper.

Mellom samlingane deltek du i grupperettleiing med ekstern rettleiar og læring ved eigen arbeidsstad eller hospiteringspraksis. For studieretninga familieterapi og nettverksarbeid er kravet 220 timar ekstern grupperettleiing og for studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar er kravet 120 timer. I tillegg kjem sjølvstendig arbeid med masteroppgåva di. Gjennom heile studietida vil du ha dialog med medstudentar og undervisarar i den digitale læringsplattforma Canvas.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!