Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Om utdanningen

I dagens konkurransesamfunn spelar logistikk ei stadig viktigare rolle og den kan vere avgjerande for kundeservice og lønnsemda i ei bedrift. Dette studiet gir deg ei grundig fordjuping innan fagområdet logistikk.

Du får konkrete kunnskapar innan innkjøp og materialforsyning, produksjon og prosessforbetring, transport og distribusjon samt leiing av forsyningskjeder – kompetansefelt som er avgjerande for kostnadseffektivitet og konkurransekraft.

Gjennom studiet får du

  • oversikt over heilskapen i logistikk-kjeda
  • innsikt i dei ulike funksjonane i logistikkområdet og Supply Chain Management
  • inngåande kjennskap til aktuelle metodar og teknikkar innan logistikkområdet

Under føresetnad om tilstrekkeleg tal deltakarar, vil det bli arrangert studietur til utlandet i september/oktober.

Dersom du tar bachelor i økonomi og administrasjon ved HVL campus Bergen, kan du ta logistikk som 3. året ditt.

Undervisningsmåtar

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, oppgåver og caseløysing, gjesteforelesingar og bedriftsbesøk. Du vil få oppgåver der du skal studere logistikksystema i ulike bedrifter. I 2. semester skriv du prosjektoppgåve der du skal analysere reelle, praktiske problem for ei verksemd.

I emne der det blir krevd forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjende før du kan gå opp til eksamen.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!