Vis studentum.no som: Mobil

Bachelor i ingeniørfag, energiteknologi

Høgskulen på Vestlandet
Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid

Bachelor i ingeniørfag, energiteknologi

Korleis møter vi dagens og framtidas energibehov på ein berekraftig måte? Kva slags energi og teknologi vil bidra til å få fart på det grøne skiftet? Samfunnet treng ingeniørar med eit breitt og heilskapleg syn på problemstillingar knytt til energi og klima. Denne utdanninga gir deg kunnskap til å utvikle og iverksette nye løysingar slik at samfunnet har sikker tilgang til energi frå fornybare kjelder i tida som kjem.

I løpet av studiet får du kompetanse innan fornybar energi, energidistribusjon, energibruk og -effektivisering for at du som energiingeniør kan bidra aktivt til å møte samfunnets energibehov og klimamål på ein miljøvennleg måte. Du lærer om fornybare energikjelder, som vindkraft, bio- og solenergi, og om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi.

I 5. semester har du moglegheit å velje blant ulike valfag for å lære meir om energiteknologi i både bredde og dybde. Her kan du per i dag velje mellom blant anna varme, ventilasjon- og kuldeteknikk, hydrogenteknologi, fornybar havenergi, solenergi og prosjektleiing. Valfagtilbodet blir fortløpande oppdatert og fornya.

I 6. semester skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar. Det kan vere ei oppgåve frå ein bedrift i energisektoren eller eit firma som ønsker å bli meir energieffektivt. Du kan også bli med på energirelatert forskingsarbeid ved HVL.

Gjennom studiet får du grunnleggande ingeniørkompetanse som er felles for dei ulike ingeniørfaga. Slik gir utdanninga deg evna til å omstille deg til stadig nye arbeidsoppgåver. Energiingeniørar kan faktisk jobbe i mange ulike bransjar.

Samanlikna med eit energistudium på fem år, får du betre og fleire moglegheiter å følgje dine interesser når du går på eit treårig bachelorstudium først. Du kan enten begynne å jobbe etter tre år eller velje frå eit større utval av mastergrader og vidareutdanningar som bygger på bachelorgraden. Ein annan fordel med eit ingeniørstudium er det tekniske aspektet og den tette tilknytinga til arbeidslivet som gjer deg ettertrakta på arbeidsmarknaden.

Undervegs i studiet kan du få god støtte frå Energistudentenes linjeforeining. Det er ei foreining for alle energistudentar på tvers av årskulla ved Høgskulen på Vestlandet. Linjeforeininga skaper eit godt læringsmiljø på tvers av klassane og er ein veldig inkluderande gjeng som gjer det lett for deg å finne nye venner frå dag ein. Foreininga organiserer både sosiale og faglege arrangement, for eksempel bedriftsbesøk og eit stort årleg energiseminar i vårsemesteret.

I Studiebarometer 2019 var Energiteknologi ved HVL det best likte energistudiet i Noreg.

Undervisningsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte. IT- og berekningsverktøy blir brukt i aukande grad i studiet.

Nokre av faga har skriftleg eksamen, medan det i andre fag er mappevurdering eller munnleg eksamen.

Laboratorium

Institutt for maskin- og marinfag har fleire laboratorium som vi nyttar oss av. Mellom anna har vi eit solenergilaboratorium knytt eit passivhus, og eit motorlaboratorium med mellom anna ein beta-Stirlingmotor, som det berre finst eit fåtal av i Noreg. I forbrenningsmotorane blir biodrivstoff og moderne motorteknologi testa.

I Marinlab, ein 50 meter slepe- og bølgetank, undersøkast innretningar for tidevatns- og bølgjekraft. Ved hjelp av 3D-scannar og 3D-printar kan ulike modellar konstruerast og byggast. Dessutan disponerer instituttet ei kombinert kraft-varme-eining (micro combined heat and power, CHP) for undersøkingar om energigjenvinning.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!