Vis studentum.no som: Mobil

Delta på den Digitale Utdanningsmessen den 16. november 2021 🎓💻 Les mer

Bachelor i ingeniørfag, data

Høgskulen på Vestlandet

Om utdanningen

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Som dataingeniør kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.

Vi omgir oss med datateknologi kvar dag. Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til nyhende og media, handel og energiforsyning.

Ein dataingeniør jobbar ofte i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. Likar du å samarbeide med andre? Har du sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Har du lyst til å utvikle digitale løysingar? Då kan dataingeniør vere studiet for deg!

Gjennom studiet lærer du

  • korleis datamaskiner fungerer
  • å programmere datamaskiner
  • å utvikle programvare frå enkle appar til store IT-system som til dømes Word og Facebook
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

Bachelorutdanninga er eit ingeniørstudium som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag.

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i mastergradsstudiet vårt innan programutvikling og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.

I siste del av studiet kan du velje fag som gir deg spisskompetanse innan eit smalare område, som programutvikling, drift av datasystem, web- og mobilteknologi, datagrafikk eller kunstig intelligens og algoritmar.

Undervisningsmåtar

IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium, og gruppearbeid.

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve, bacheloroppgåva, der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og dei kan også gjerast utanlands.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1. januar 2017, da Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund fusjonerte.

HVL er i dag en av landets største utdanningsinstitusjoner, med campuser i Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og på Stord. Studentmiljøene er aktive og inkluderende, med aktiviteter for enhver smak.

Vis alle utdanninger fra Høgskulen på Vestlandet

Kontaktinformasjon til Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet


Tlf: 55 58 58 00

Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!