Kunstig intelligens
Universitetet i BergenKunstig intelligens
Kunstig intelligens (KI) blir brukt i alt frå ryggesensorar og bildegjenkjenning til automatisk saksbehandling av lånesøknadar. Teknologien er i kraftig vekst og vil prege utviklinga av samfunnet.
Som student lærer du kva intelligente maskiner er og korleis dei blir til. Du lærer å bruke datakunnskap og informasjonsvitskap til å få datamaskiner til å automatisk løyse oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens.
Når teknologien blir brukt på stadig fleire område, må vi stille større krav til etikk og berekraft. Med ein bachelorgrad i kunstig intelligens kan du utvikle kraftige verktøy som bidrar til meir innovasjon og verdiskaping innan alt i frå spillutvikling og investeringsanalysar til meir miljøvennleg byplanlegging og betre offentlege tenester.
- Korleis vi kan framvise informasjon og kunnskap slik at ein maskin kan dra nytte av han
- Korleis maskiner kan lære frå eksempel
- Korleis vi kan spesifisere eit problem og lage automatiske løysingar
- Korleis vi kan automatisere avgjerder og interaksjon mellom menneske og maskin
- Korleis vi kan sikre at teknologi vert nytta til det beste for enkeltmenneske
I kunstig intelligens er vi interesserte i: