Digital kultur
Universitetet i BergenDigital kultur
Om vi skal forstå kva vi treng og har nytte av frå ny teknologi, må vi forstå teknologien i eit vidare perspektiv. På digital kultur ser vi nærare på korleis vi kontrollerer og vel teknologi som kan vere til gagn for samfunnet.
Aktuell forsking omfattar
Gjennom masterstudiet i digital kultur lærer du å reflektere kritisk kring tema som teknologihistorie og teknologikultur, og du får praktisk erfaring med webdesign og andre kreative webprosjekt. Aktuelle masteroppgåvetema er e-bøker, selfies, dataspel og læring, og digital poesi.
- Elektronisk litteratur og digital kunst
- Maskinsyn (Machine Vision) og kulturell påverking
- Digital humaniora
- Praksisbasert forsking inn i nye narrative former
Tidlegare studentar har fått jobb innan ulike felt som journalistikk, webdesign, undervising, innovasjon, kunst, kultur og programmering.