Berekraft
Universitetet i BergenBerekraft
Kva skal til for å løyse framtidas utfordringar utan å øydelegge vilkåra for levande liv på denne kloden? Korleis skapar vi dei beste berekraftige løysingane? Masterprogrammet i berekraft lar deg arbeide med desse spørsmåla med ei tverrfagleg tilnærming.
Studiet gir deg unike høve til å gjennomføre ditt eige mastergradsprosjekt og gir deg etterspurd kompetanse innan eit felt i sterk utvikling.
Studiet gir deg djup kunnskap om dei viktigaste spørsmåla og utviklingstrekka innanfor berekraft. Vi tenker berekraft som eit tverrfagleg felt, sidan dei gode løysingane sjeldan kjem frå eitt perspektiv åleine.
- Globale samfunnsutfordringar
- Klima og energiomstilling
- Marin berekraft
Masterprogrammet tar for seg korleis samfunn, politikk, vitskap og lovverk saman kan bidra til ei meir berekraftig verd. Og du får høve til å studere dette på tvers av fagfelt som til dømes biologi, juss, klimavitskap, historie og samfunnsvitskap.