Skapande skriving - Årsstudium

Skrivekunstakademiet
Sammendrag
Årsstudium
Bergen
1 år, 60 studiepoeng
Heltid
Høst
Klasserom

Skapande skriving - Årsstudium

Årsstudium i skapande skriving (60 stp.) er eit fulltidsstudium over to semester, haust og vår, og gjev i hovudsak undervising i skriving og lesing av prosa og poesi. Studiet høver for deg som vil bli forfattar eller ynskjer å fordjupe deg i skriving og tekstlesing ut frå personlege eller yrkesmessige grunnar. Studiet byggjer på ein modell der ein vekslar mellom undervisning (60%) og sjølvstudium (40%). Undervisninga er obligatorisk og finn stad i Bergen.

Studiet høver for den som vil utvikle skriveevner med tanke på skjønnlitterær forfattarskap, eller opparbeide kunnskap og erfaring med lese- og skriveprosess i høve til arbeid innan journalist- og mediefag, forlagsverksemd, litteraturkritikk og -formidling.

Studiet eignar seg til utforsking og eksperimenterande arbeid med skjønnlitterær skriving, og legg vekt på å utvikle kjennskap og medvit i høve til ulike litterære sjangerfelt og formtradisjonar. Framfor å halde fram ein særskilt modell for skrivinga, tek ein utgangspunkt i kva studentane sjølve skriv, med respekt for den einskilde si uttrykksform.

Opptakskrav/Søknad

  • Generell studiekompetanse (tilsvarande Studentereksamen i Danmark og Slutbetyg i Sverige).
  • Søknad om opptak skal innehalde 10–15 sider nyskriven tekst (skrive i løpet av siste to år) av skjønnlitterær karakter. Det kan vere ein samanhengande tekst, eller fleire kortare tekstar. Ein kan søkje med tekstar i fleire sjangrar, publiserte og upubliserte.

Søknad skal elles ha opplysningar om:

  • Personlege data
  • Tidlegare utdanning
  • Skrive- og leseerfaring
  • Motivasjon for studiet

Kontaktinformasjon til Skrivekunstakademiet

Skrivekunstakademiet

Georgernes Verft 12
5011 Bergen

Tlf: 55 23 04 50

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!