Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Klima

Hos oss nyttar du matematikk og fysikk til å forstå naturen. Dette, saman med målingar, teori og eksperimentering, gjer oss i stand til å forklare og varsle vêr og klima. Utdanninga er veleigna for det meste som har med vêr, hav og klima og gjere, for matematikk- og fysikkrelaterte arbeidsoppgåver, samt for å utvikla energiløysingar for framtida. Bli med og jobb saman med oss!

Atmosfæren og havet er i stadig rørsle, og rørslene skaper og endrar vêret no og klimaet over tid. Er du interessert i å forstå atmosfæren, havet og klima, utforske vêr og klimaendringar i dag og fram i tid, studere havis i Arktis eller Antarktis eller om Golfstraumen er i endring, er dette studiet for deg.

Stadig fleire næringar og lokale og statlege styresmakter treng kunnskap og forståing om vêr, hav og klima. Med utdanninga vår kan du vere den nøkkelpersonen som forstår detaljane og ser heilskapen knytt til naturen som omgjer oss. Du kan vere ei(n) som er med og tek omsyn til at vêr og klima er i endring, og som driv miljøarbeidet framover.

  • Regnar det meir i dag enn tidlegare? Kvifor og kva med framtida? Korleis ta omsyn til dette i byar, når det vert bygd vegar og jernbane?
  • Bles det meir i dag enn for 50 år sidan? Er det endringar i vindretning eller vindstyrke? Korlis vil dette påverka bølgjer og bølgjevarsel?
  • Korleis kan vi forbetra varslinga av vêret – og er det mogleg å varsla vêret fleire år fram i tid?
  • Endrar havstraumane seg? Kva vil havtemperaturen vera om 100 år? Korleis kan dette påverka plankton og fisk?
  • Kvifor og kor mykje stig havet? Kor ofte treng vi å ta omsyn til stormflo i framtida?
  • Kor mykje CO2 tek havet opp? Korleis vi dette påverka forsuringa av havet? Og kan vi venta endra innhald av oksygen i havet, som igjen vil påverka livet i havet?
  • Kva skjer med isen i Arktis og Antarktis? Kan vi få eit isfritt Arktis fram i tid?

Lista over aktuelle problemstellingar er lang, her er nokre døme:

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!