International Business i Europa - Forum

17.06.2010 14:43   Elinor
Har no fullført ein bachelorgrad i Latinamerikastudiar ved UiB (med spesialisering i lat.am litteratur). Byrja på dette studiet fordi eg var usikker på kva eg ville, men visste at eg ønskte å læra meg spansk. Vil no studere International Business ved ein skule i Europa (eller latinamerika, men er usikker på kor attraktivt det vil gjere ein på jobbmarknaden seinare..). Vil det vera mogleg å ta ein master i International Business UTAN å ha ein bachelorgrad innan nokonlunde samme felt? Har med mine studiar naturleg nok lite kunnskap innan økonomi osv, og er derfor redd at å gå direkte på ein mastergrad vil vera dumt. Alternativet er sjølvsagt å ta endå ein bachelor (i IB), og deretter master. Det er med tanke på studielån og antall studieår eg vurderer å gå rett på ein mastergrad. Svært mange av dei gode, anerkjente skulane i Europa er svært dyre. Finst det nokre unntak..? Håpar på hjelp :-)

Finn utdanninger innen kategorien