Vis studentum.no som: Mobil

Informatikk: Datasikkerheit

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Informatikk: Datasikkerheit

Datamaskiner, telefonar og anna elektronisk utstyr som kommuniserer over Internett utgjer ein av dei viktigaste infrastrukturane i samfunnet i dag. Det er nødvendig å beskytte desse systema mot feil og angrep som for eksempel datainnbrot, skadevareinfiltrasjon, spionasje eller sabotasje. Slike angrep kan påføre samfunnet, næringslivet og enkeltindividet mykje skade. Etter kvart som stadig fleire ting og infrastrukturar blir kopla til tingas internett (IoT) vil skadepotensialet bli enda større.

Det er eit stort behov for kompetanse innanfor datasikkerheit i dag – verdssamfunnet manglar mellom to og seks millionar utdanna fagfolk akkurat no. 

På studiet i datasikkerheit identifiserer vi truslane mot integritet, konfidensialitet, tilgjengelegheit og andre funksjonar som er nødvendige i eit effektivt internett, og fokuserer på metodar og verktøy for å beskytte oss mot desse truslane, som krypteringsfunksjonar, kryptoprotokollar og brannmurar. Dette er eit spennande fagfelt i konstant og rask utvikling. 

  • i store og små bedrifter 
  • på statlege arbeidsplassar, både militære og sivile 
  • i IT-konsulentselskap  

Studiet krev at du forstår matematisk og logisk tenking. Tryggleik handlar òg om å forstå korleis ein angripar tenker, og å føresjå alle typar angrep – litt som ein sjakkspelar. 

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!