Undersøkande journalistikk
Masterprogrammet er både produksjonsretta og analytisk orientert. Dette inneber at du skal produsere eit sjølvstendig journalistisk publiserbart graveprosjekt, samstundes som du arbeider med analytiske problemstillingar. Produksjonen kan gjerast i samarbeid med ein eller fleire mediebedrifter og undervegs i prosjektet vil du få tett rettleiing av fagmiljøet. På vegen vil du dessutan arbeide med ulike akademiske tilnærmingar til medieproduksjon.
Undersøkande journalistikk er eit felt i vekst, og studentar med denne utdanninga er attraktive for næringslivet. Gravejournalistikk blir mykje lest, sett og høyrt i nyheitsmedia, men det krev spesialisert kompetanse å produsere.
- Du kjem til å lære å analysere store datamengder og bryte ned komplekse problemstillingar
- Vidare vil du lære engasjerande historieforteljing og digitale presentasjonsteknikkar
Masterprogrammet er eit heiltidsstudium, men studiet kan kombinerast med jobb til dømes i mediebedriftene i Media City Bergen.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder,...