Nordisk og lesevitenskap, master
Universitetet i StavangerNordisk og lesevitenskap, master
Vil du fordjupa deg i språk og litteratur? Vil du forstå meir av korleis du kan beskriva og forklåra språklege uttrykk? Ynskjer du ei djupare innsikt i korleis språk og litteratur skaper kunnskap, opplevingar, estetisk nyting, refleksjon og sannkjenning?
Masterstudiet i nordisk og lesevitskap gjev deg omfattande kunnskap om språk og tekst, og du får høve til å spesialisera deg innanfor ulike område som skriftkultur, skjønnlitteratur, utviklinga av moderne talemål og skriftmål, norsk som andrespråk, digitale tekster og saktekster. På vegen vil du få kjennskap til aktuell forsking omkring talemål, norsk skriftkultur og skriftkunne, det litterære systemet i Noreg, språkleg utvikling og endringar av tekstbruk i samfunn, skule og i det digitale rommet.
Master i nordisk og lesevitskap er eit fulltidsstudium over to år, men ein kan etter opptak søkja overgang til deltidsstudium over fire år. Oppbygginga av deltidsstudiet er identisk med heiltidsstudiet. Undervisninga går samtidig for fulltids- og deltidsstudentar.
Du er kanskje også interessert i:
- Literacy Studies master 2 år
- Historie og historiedidaktikk master 2 år