Norsk 2, trinn 5-10 (Kompetanse for kvalitet)
Universitetet i Sørøst-NorgeNorsk 2, trinn 5-10 (Kompetanse for kvalitet)
Kompetanse for kvalitet
Studietilbodet er ein del av Utdanningsdirektoratets strategi Kompetanse for kvalitet (KFK).
Målgruppe
Lærarar på mellom- eller ungdomstrinnet med minimum 30 studiepoeng i norsk frå før.
Dette lærer du hos oss
Norsk 2 er ein vidareutdanning der du får faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter innanfor sentrale område for ein norsklærar. Grunnleggjande ferdigheiter vil vere eit gjennomgangstema i heile studiet.
Her er nokre av emna du lærer om:
- Lese- og skrivedidaktikk
- Munnlegheit og retorikk
- Språkhistorie, dialektologi og sosiolingvistikk med vekt på ungdomsspråk
- Tekst- og sjangerkunnskap
- Barne-, ungdoms- og vaksenlitteratur
- Litteraturteori, litteraturhistorie og litteraturdidaktikk
- Adaptasjonsteori
Vidare utdanning
Med lærarutdanning og 60 studiepoeng i norsk kan du søkje opptak til master i norskdidaktikk.
Opptak gjennom Utdanningsdirektoratet
Påmelding til studiet går gjennom Utdanningsdirektoratet (Udir).
Søkarar som får tildelt studieplass via Udir blir kontakta av USN når vi har motteke søkeroversikt. Vi sender e-post med informasjon om vidare søkeprosess og lenke til Søknadsweben. Det endelege opptaket blir gjort av universitetet innan utgangen av mai.
Viktige datoar:
1. februar: Åpnar for å søke hos Udir
1. mars: Frist for å søke
15. mars: Skuleeigar har handsama søknaden
- Generelle spørsmål om strategien Kompetanse for kvalitet (KFK) kan rettas til Udir.
- Andre studietilbod innanfor strategien.