Master i tradisjonskunst og folkemusikk
Har du lyst til å fordjupe deg i folkemusikk, folkedans, tradisjonskunst eller tradisjonshandverk, og bli ein god og kunnskapsrik utøvar?
Kvifor master i tradisjonskunst og folkemusikk
I studiet får du mogelegheit til å utvikle deg som utøvar og fagperson innan folkemusikk/-dans eller tradisjonskunst/-handverk.
Dette lærer du
I studiet lærer du deg å forske på folkemusikk/-dans, tradisjonskunst og tradisjonshandverk med utgangspunkt i eigen praksis, og du får verktøy til å utvikle deg som utøvar.
Studiet består av:
- Innføringsemne (30 stp). Her lærer du om kva praksisbasert forsking er, og korleis ein kan utforske faglege spørsmål gjennom å kombinere refleksjon over eigen praksis med andre vitenskapelege metodar. Du får også innføring i aktuelle teoretiske begrep og perspektiv (tradisjon, kultur og identitet, estetikk og materialitet osb) som er sentrale for å forstå eigenarten til tradisjonskunsten og folkemusikk/-dans.
- Forprosjekt (30 stp). I dette emnet lærer du om prosjektutvikling i praksis gjennom arbeid med problemformulering, avgrensing, val av teori og metode, kjeldekritikk og gjennomgang av tidlegare forsking. Du lærer også om korleis ein kan kople eiga utøving, gjenstandsanalyse, kjeldestudie og andre aktuelle forskningsressurar.
- Avsluttande mastergradsprosjekt (60 stp). Mastergradsprosjektet er eit sjølvstendig vitenskapeleg arbeid/kunstnerisk utviklingsarbeid der eigen utøvande praksis er eit viktig reiskap i forskinga. Døme på aktuelle tema for mastergradsprosjekt kan vera design/redesign, rekonstruksjon av teknikkar eller objekt, musikkanalyse/estetisk analyse, bærekraft, teknologi, kulturhistoriske forhold m.m.
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
USN - Universitetet i Sørøst-Norge
USN er universitetet nær deg. Vi tilbyr utdanning og moglegheiter der du er – i landet og i livet. Universitetet vårt tilbyr profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Hos oss møter du innovativ undervisning og utfordrande studiar som gir deg kompetansen samfunnet...
Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Sørøst-Norge