Kreativ maskinstrikking 1
Universitetet i Sørøst-NorgeKreativ maskinstrikking 1
Kvifor Kreativ maskinstrikk 1?
I dette studiet får du ei grundig innføring i strikkemaskin som reiskap i eige formgjevande arbeid. Det er ein føresetnad at du har tilgang på strikkemaskin som du kan arbeide med heime og ha med på samlingane.
Dette lærer du på Kreativ maskinstrikk 1
Du lærer ulike strikketeknikkar på strikkemaskin, saumteknikkar, teikning, fargelære og mønsterkonstruksjon.
Du skal verte i stand til å utnytte dei moglegheitene strikkemaskina som reiskap har og bruke dette i heilskaplege løysingar i produksjon av klede og andre tekstilar.
Kva slags jobb får du?
Du kan arbeide som utøvar innan handverksfag/kunsthandverk, med formidling og undervisning på ulike trinn eller kombinere utøving med andre yrker.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Studiet kvalifiserer til opptak på deltidstudiet Kreativ maskinstrikking 2. Du kan også bruke studiet som ein del av bachelorgrad i folkekunst ved USN.