Design, redesign og saum av klede
Universitetet i Sørøst-NorgeDesign, redesign og saum av klede
Kvifor design, redesign og saum av klede?
Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium og kan kombinerast med andre deltidsstudium eller deltidsarbeid.
Kva slags arbeid kan du få?
Studiet gjev deg kunnskap som trengs i arbeid på private systoger, saum og stoffbutikkar, ved teater, film og fjernsyn, med formgjeving innan moteindustri og undervisning innan design,kunst og handverk.
Dette lærer du på design, redesign og saum av klede
Studiet er delt inn i 5 delemne som samla sett gjev ulike perspektiv på temaet design, redesign og saum av klede.
Det er praktisk arbeid med saumteknikk, mønterkonstruksjon, tilskjering, innprøving av plagg på kropp, ulike saumteknikkar, re-design og omsaum, modellering m.m.
Du får lære måltaking, mønsterkonstruksjon, mønsterforming, tilskjering, tilpassing av plagg og ulike saumteknikkar, re-design og omsaum, modellering m.m.
Vidare utdanningsmoglegheiter
Du kan bruke studiet som ein del av bachelorgrad i folkekunst ved USN.
Studiet kan også førebu deg til å gå vidare innan andre studium i design og tekstil, kostymer, kunst og handverk m.m.
Fagleg bakgrunn
Det er ein fordel om du har litt grunnleggjande kjennskap til saum av klede på førehand. Om ikkje vil me anbefale eit forkurs hjå Raulandsakademiet eller tilsvarande kurs andre stader.