Svar på vår studentundersøkelse og bli med i trekningen av et universal gavekort til en verdi av 1000,- 🤩

Søk utdanning 👉
Bachelor

Bachelor i folkemusikk

Varighet
6 semestre
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato
Varighet
6 semestre
Undervisning
Heltid
Studielån/Stipend
Støttet av lånekassen
Undervisningsform
Klasserom
Neste startdato

Bachelor i folkemusikk

Bachelor i folkemusikk

Vil du studere folkemusikk på universitetsnivå? På Campus Rauland ligg vår internasjonalt anerkjende og unike utdanning i norsk folkemusikk. Studiet trekkjer ikkje berre til seg studentar frå heile landet, men også frå heile verda!

Kva lærer du?

Bachelorstudiet i folkemusikk inneheld ei brei innføring, og vidare ei fordjuping, i norsk folkemusikk og -dans. Kjerneområda i studiet er: 

  • Utøving og skapande arbeid, formidling og bransjekunnskap:  praktisk og teoretisk tradisjonskunnskap og tradisjonsfordjuping, utøving på hovudinstrument, biinstrument, dans og song, formidling og scenisk arbeid.
  • Tradisjon og samfunn i eit lokalt og globalt perspektiv: musikkteori og analyse, kulturhistoriske fag, etnomusikologi, forsking og utviklingsarbeid. 

Den utøvande/praktiske og formidlande sida blir vektlagt. Studiet skal gje studentane innsikt i den sosiale og kulturelle konteksten til folkemusikken, -dansen og tradisjonskunsten både i eit lokalt, nasjonalt og internasjonalt perspektiv. Forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid og akademisk skriving er gjennomgåande tema fram mot den endelege bacheloroppgåva i tredje studieår. Du velgjer sjølv ei retning for vidare fordjuping gjennom eit større prosjektarbeid.

Kvifor studere bachelor i folkemusikk?

Er du interessert i musikk, dans og tradisjonar, kan du gjennom ein bachelor i folkemusikk fordjupe deg i dine interesser, og få ein jobb der du bidreg til å forvalte, vidareutvikle og formidle kulturarven vidare.

Studiet i folkemusikk gjev deg mellom anna praktisk og teoretisk innføring i norske folkemusikktradisjonar, kulturhistoriske fag og musikkformidling, og utfordrar deg til kritisk tenking og refleksjon kring folkemusikken og -kulturen si rolle i samfunnet. Du får individuell undervisning på hovudinstrumentet alle tre studieåra, og møter mange av dei fremste utøvarane og fagpersonane innan folkemusikk i Noreg og Norden.

 

Kommende startdatoer

1 tilgjengelig startdato

Høst

  • Klasserom
  • Rauland

Få en påminnelse

Få en påminnelse når søknaden åpner

Motta en påminnelse når du kan søke opptak til høyere utdanning og få månedlig inspirasjon til ditt studievalg. 

This field is used for controlling automatic form submits. Please leave it blank:
Fyll inn din e-post her

Universitetet i Sørøst-Norge
Akademiet 2
3864 Rauland

USN - Universitetet i Sørøst-Norge

USN er universitetet nær deg. Vi tilbyr utdanning og moglegheiter der du er – i landet og i livet.  Universitetet vårt tilbyr profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Hos oss møter du innovativ undervisning og utfordrande studiar som gir deg kompetansen samfunnet...

Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Sørøst-Norge

Highlights