Bachelor i folkedans
Bachelor i folkedans
Fordjup deg i tradisjonsdans, og bli ein ettertrakta dansar som beherskar den særeigne teknikken og estetikken som finst i folkedansen.
Kva lærer du?
Studiet legg stor vekt på den praktiske utøvinga, og det vil bli jobba fram mot studentframsyningar og studentkonsertar med jamne mellomrom, i tillegg til at vi legg opp til tett kontakt og utveksling med dansefeltet.
Du får arbeide med ulike dansarar, musikarar, koreografar og fagpersonar innan dans, og skal i løpet av studiet få omfattande formidlings- og sceneerfaring og fagkompetanse. Vi har mellom anna avtale om samarbeid og undervisning med dei fremste dansekompania innan folkedans: Frikar, Kartellet og Mamelukk. Desse vil undervise og rådgje deg gjennom heile studieløpet. Det blir lagt vekt på individuell rettleiing og tilpassing for kvar enkelt sine behov.
Den tette koplinga ein finn mellom folkemusikk og folkedans er særeigen for sjangeren. Deler av undervisninga er felles med studentane i folkemusikk og tradisjonskunst. Det er viktig å utvikle dansarar med god musikkforståing, og dersom du som student ønskjer å utvikle deg både som musikarar og dansar, blir det lagt til rette for det.
Kvifor studere bachelor i folkedans?
Dette studiet er midt i blinken både for deg som er glad i dans og som ynskjer å fordjupe deg i folkedans. Kanskje har du dansa folkedans i fleire år allereie, men er usikker på om det går an å leve av det? Eller kanskje du har erfaring frå andre dansesjangrar og er nysgjerrig på folkedans?
I dag er det hard kamp om jobbane som nyutdanna dansar, men som folkedansar vil du ha eit fortrinn. Me kan også love deg eit svært spennande studiemiljø i saman med folkemusikkstudentane i naturskjønne Vinje. Me skal også besøkje ulike scener, utdanningsinstitusjonar og dansekompani i Oslo og andre stader i Noreg. Dette blir ikkje ei kjedeleg utdanning!
Kommende startdatoer
Få en påminnelse
USN - Universitetet i Sørøst-Norge
USN er universitetet nær deg. Vi tilbyr utdanning og moglegheiter der du er – i landet og i livet. Universitetet vårt tilbyr profesjons- og arbeidslivsretta utdanningar. Hos oss møter du innovativ undervisning og utfordrande studiar som gir deg kompetansen samfunnet...
Les mer og vis alle utdanninger ved Universitetet i Sørøst-Norge