Spansk språk og latinamerikastudium
Universitetet i BergenSpansk språk og latinamerikastudium
Spansk er morsmål for nærare 500 millionar menneske. Det er det andre mest brukte talespråket i verda, og det tredje mest brukte språket på internett. Noreg har sterke band til Latin-Amerika og mange interesser i området gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar.
Viktige spørsmål vi drøftar er:
Som masterstudent ved Institutt for framandspråk blir du ønskt velkomen i eit internasjonalt og pulserande miljø.
- Korleis kan historiske prosessar forklare dei enorme skilnadane mellom fattig og rik i Latin-Amerika i dag?
- På kva måte representerer litteraturen ei samansmelting av det rike mangfaldet av kulturar og folkegrupper på kontinentet?
- Korleis utviklar det spanske språket seg i ei stadig meir globalisert verd?
Med mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du få jobbar i både privat og offentleg sektor.