Samfunnsøkonomi
Universitetet i BergenSamfunnsøkonomi
Faget gir deg ein metode til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar. Som student vil du tileigne deg verktøy og ferdigheter som kan brukast til å til å analysere eit bredt spekter av tema, frå finansiering av bedrifter til utforming av økonomisk politikk. Spørsmål som studiet tar opp, er til dømes:
Tar du ein mastergrad i samfunnsøkonomi, får du ei utdanning som gir deg god løn og stor valfridom i arbeidslivet. Du får ei utdanning som kjem til nytte enten du tenkjer å jobba i næringslivet, i offentleg forvaltning eller innan forsking og undervising. Samfunnsøkonomi er eit trygt val for ei usikker framtid.
Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Det gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. Ved opptak til profesjonsstudiet treng du ikkje søke opptak til det 2-årige masterprogrammet etter du har gått 3-årig bachelor.
- Kva verknad har globaliseringa på norske forbrukarar og næringsliv?
- Kva er beste måten å få ned klimautslepp?
- Kvifor blir skiljet mellom fattige og rike land stadig større, og kva gjer vi med det?
- Korleis kan prisar i aksjemarknaden gi informasjon om økonomiske forhold i framtida?
- Korleis kan vi handtere korona-krisa?
- Korleis kan bedrifter posisjonere seg i marknaden for å oppnå auka lønsemd?
- Bør vi produsera meir olje, og korleis skal vi handtere oljeinntektene?
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.
Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.