Samanliknande politikk
Universitetet i BergenSamanliknande politikk
Politiske system og institusjonar har ulik utforming og funksjon, på same måte som den politiske åtferda blant borgarane varierer etter kva politiske kulturar dei lever i. Vi finn store variasjonar innanfor enkelte land over tid, så vel som mellom land.
Solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie er ofte eit vilkår for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Globalisering tilseier også at det er behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Programmet legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapeleg.
Samanliknande politikk (Sampol) har eit unikt tilbod om praksis i ei bedrift som ein del av studieløpet ditt. På denne måten kan du nytte kunnskapen og eigenskapane du tileignar deg under studiet, samtidig som du får arbeidserfaring og nettverk. Nokre av våre samarbeidsbedrifter inkluderer FN-sambandet, Vest-Norges Brusselkontor og Bergen Næringsråd.
- analytikarar i næringslivet og nasjonale og internasjonale organisasjonar
- integreringskonsulentar for flyktningar
- aspirantar i utanriksdepartementet
- rådgivarar i departement og direktorat.
- kommunikasjonsmedarbeidarar og journalistar
- forskarar, utgreiarar og undervisarar