Vis studentum.no som: Mobil

Profesjonsstudiet i psykologi

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Profesjonsstudium
Bergen
Heltid
Ja

Om utdanningen

Kvifor oppfører vi oss som vi gjer i ulike sosiale situasjonar? Korleis tenker, hugsar og lærer vi? Korleis kan vi forstå avvikande åtferd, og korleis kan vi endre åtferd? Finst det resept mot psykiske problem? Gjennom profesjonsstudiet i psykologi får du kunnskap om dei ulike områda av psykologien og om det vitskaplege grunnlaget for metodane i faget. Du lærer om mennesket si normale åtferd og utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd. Det blir lagt vekt på både teoretisk, praktisk og etisk kunnskap, og du får klinisk erfaring på ulike område. Studentane si eiga utvikling gjennom studiet er viktig, og mykje tid går med til gruppesamtaler og individuell terapi. Studiet skal gjere deg i stand til å drive psykologisk praksis. Du skal kunne forstå, førebygge og behandle psykiske lidingar, og utføre dei viktigaste formene for psykologisk arbeid med menneske i alle aldrar.

Profesjonsprogrammet i psykologi er eit studium på 6-6,5 år. Det er eit integrert akademisk og praktisk studium på høgare nivå, og det kvalifiserer for søknad om autorisasjon som psykolog etter bestått utdanning som omfattar 360 studiepoeng . Utdanninga bygger på «scientist-practitioner»-modellen (Boulder-modellen) og Standardar for norsk psykologeksamen Rev. 7.9.2001. Studiet er eit heiltidsstudium.

Studiet skal frambringe breitt kompetente allmennpraktiserande psykologar som skal kunne ta ansvar for psykisk helse i eit heilskapleg perspektiv. Samtidig skal det gi kandidatane grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning.

Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har kunnskapar, haldningar og ferdigheter som er naudsynte for forsvarleg utøving av psykologyrket. Dette tilseier at undervisninga i størst mogleg grad skal vere forskingsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa behovet befolkninga har for ulike typar psykologtenester.

Programmet er eit seksårig integrert studium som byggjer på ulike temaområde innafor psykologi og tilgrensande område. I studiet vert følgjande tema med tyding for utøving av psykologyrket samordna og utdjupa:

Praktiske/kliniske tema i psykologisk arbeid

  • Profesjonell og etisk haldning i psykologfagleg arbeid
  • Kartlegging og diagnostikk
  • Intervensjon og førebygging
  • Utviklingsarbeid: Forbetring av psykologtenester
  • Kommunikasjon
  • Organisasjons- og systemforståing

Akademiske/forskingsbaserte tema

  • Basale område og teoretiske tilnærmingar i psykologi
  • Anvende område i psykologi
  • Vitskapsteori og overordna metodespørsmål
  • Metodar for datainnsamling og databehandling
  • Vitskapleg kommunikasjon

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

Studentene setter karakterer

Gjennomsnittsrangering: 4

Basert på 1 omtaler

Psykolog i Bergen
Anbefales på det sterkeste! Meget gode lærere og veiledere. Bergen har mye å by på på dette feltet.
OMTALER
Vurdering
(4,0)
Basert på 1 omtaler