Norrøn filologi
Universitetet i BergenNorrøn filologi
Alle utdanningsstarter
Norrøn filologi
Det filologiske studiet gjer at du kan spesialisere deg på fleire område, men alltid slik at du arbeider med dei norrøne kjeldene i original språkform. Kjeldene er mangfaldige, og dei ligg føre både i runeskrift og latinskrift – det vere seg bautaer frå vikingtida, pergamentbøker frå mellomalderen eller yngre islandske papirhandskrifter.
Norrøn filologi er eit internasjonalt fag, og det kjem til uttrykk ved at både studentane og den vitskaplege staben kjem frå fleire land.
Som student i norrøn filologi blir du ein del av miljøet i mellomalderklynga. Det fører til at det er mange ekstra tilbod og høve til å engasjere seg. Det er god kontakt med musea i byen og handskriftsamlingane ved universitetet, og kvar haust blir det arrangert ei spennande mellomalderveke.
Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen
Fax 55 58 96 43