Vis studentum.no som: Mobil

Masterprogram i nanovitskap

Universitetet i Bergen

Om utdanningen

Nanovitskap er å studere funksjonelle material, system eller fenomen på nanometerkala og forstå korleis de eigenskapane ein er interessert i, er kritisk avhengig av at nettopp denne storleiksordenen blir oppretthaldt. Masterstudiet i nanovitskap passar for deg som ønsker å gå i djupna i ei nanovitskapleg problemstilling og lære kva naturvitskapleg forsking er. Du kan velje mellom ein av dei tre hovudretningane nanofysikk, nanokjemi eller nanobiomedisin/nanotoksikologi, men du vil òg få fordjuping i meir enn ein naturvitskap sidan nanovitskap ofte nyttar kunnskap både frå fysikk, kjemi og molekylærbiologi. Som masterstudent i nanovitskap blir du medlem i ei forskingsgruppe kor du får ein rettleiar og ditt eige forskingsprosjekt. Du får din eigen leseplass og du får jobbe sjølvstendig på laboratoriet med avansert teknologisk utstyr og dei mest moderne instrumenta i fagfeltet. Du kan òg velje ein meir teoretisk problemstilling innan dei fleste fagretningane. Nanovitskapleg forsking dannar grunnlaget for mange høgteknologiske nyvinningar i samfunnet, som til dømes innanfor elektronikk, farmasi, kjemisk katalyse og instrumentutvikling. Med eit masterstudium i nanovitskap vil du ha inngåande kunnskap om korleis nanovitskap kan nyttast i teknologisk utvikling. Du vil få solid fagkunnskap innanfor det feltet du vel for masteroppgåva di, men òg om korleis du løyser vitskaplege problem, formidlar forskingsresultat og korleis du skal identifisere etiske og samfunnsmessige problemstillingar i ditt eige og i andre sitt arbeid. I Masterstudiet i nanovitskap skal du gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt i nanovitskap, lære korleis du formidlar forsking til andre og korleis du samarbeider med andre i tverrfaglege miljø.

Mål

Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap. Studenten vil få innsikt i moderne forsking innan eit spesifikt område av nanovitskapen, og utføre eige forskningsarbeid basert på teoriar og eksperimentelle metodar lært i bachelorgraden. Vidare vil ein lære å samanfatte arbeidet i ein tekst (masteroppgåve) i henhald til vitskaplege kriterier.

Innhald

Nanovitskapleg forsking er sterkt tverrfagleg og finner stad i grenselandet mellom fysikk, kjemi og biologi og nyttar i ulik grad metodar frå alle desse tre disiplinane. Masterstudiet i nanovitskap er tett knytt til den nanovitskaplege forskinga som skjer ved UiB, og målet for og innhaldet i det aktuelle masterprosjektet vil definere kandidaten sin spesialisering innan nanovitskapen. Kandidaten vert medlem av ei forskingsgruppe med hovuddelen av aktiviteten sin retta mot nanofysikk, nanokjemi, nanobiologi eller nanobiomedisin, men vil også kome i kontakt med andre relevante disiplinar. Det vert og gitt undervisning i vitskapsteori i Masterstudiet i nanovitskap.

Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:

Nanoteknologisk instrumentering og måleteknikk, nanostrukturerte katalysatorar, naturlege nanopartiklar og -dråpar, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!