Vis studentum.no som: Mobil

Masterprogram i helse og samfunn

Universitetet i Bergen
Sammendrag
Master, 2 år
Bergen
2 år
Heltid
Ja

Om utdanningen

Masterprogram i helse og samfunn skal med sin tverrfaglege og profesjonsovergripande profil gi inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar med vekt på ein vitskapleg og problematiserande innfallsvinkel. Samfunnsvitskaplege, humanistiske og biomedisinske perspektiv gir ulike utgangspunkt for forståing av sentrale aspekt ved dagens helseutfordringar. Studentane skal gjennom studiet utvikle ei kritisk tilnærming til kunnskap og kunnskapsutvikling. Videre skal studentene på sjølvstendig vis gjøre bruk av teori og metodologiske tilnærmingar i utvikling av forskingsspørsmål, forskingsdesign og analyse av publisert forsking. Studiet gir fagleg breidde og fordjuping som grunnlag for forsking og fagutvikling i ulike profesjonelle kontekster. Studiet er lokalisert innan ramma av eit internasjonalt forskingsmiljø og med rik mogelegheit for utveksling.

Gjennom introduksjonsemnet Helse og samfunn (HELSAM301) får studentane innføring i sentrale helseutfordringar knytt til sosial ulikskap, aldring, kjønn, migrasjon, teknologi mv., illustrert med konkrete empiriske døme. Dei obligatoriske emna vitskapsteori, etikk og forskingsmetode gir grunnleggande kunnskap om vitskapleg tenking, forskingsetiske problemstillingar og ulike forskingsmetodiske tilnærmingar. Studentane vel deretter mellom metode-emne som vektlegg respektivt kunnskap om kvantitative forskingstilnærmingar og -tradisjonar, eller kvalitative forskingstilnærmingar og -tradisjonar. Den valde fordjupinga i metodiske tilnærmingar blir vidareført i masteroppgåva.

Studiet tilbyr studieretningar som reflekterer sterke forskingsområde ved IGS:

Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar (UPSH)

I studieretninga Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringar (UPSH) skal studenten tileigne seg inngåande kunnskap i samfunnsvitskaplege, humanistiske og biomedisinske perspektiv på sentrale helseutfordringar, med utgangspunkt i ein nordisk kontekst.

Du vil lære om ulike teoriar og tradisjonar knytt til forsking, med særlig vekt på arbeid og helse, en aldrende befolkning, migrasjonshelse, brukermedvirkning og helseulikhet, og om etiske og politiske forutsetninger og implikasjoner for utvikling og handtering av kunnskap.

Genetisk rettleiing (GVEIL)

Det overordna målet med studieretninga Genetisk rettleiing er at studenten skal tileigne seg ein heilskapleg kompetanse om utviklinga innan medisinsk bruk av bioteknologi, med krav om medisinsk genetisk kunnskap, så vel som omfangsrik kunnskap om kommunikasjon og rettleiing. Studieretninga tar opp den psykiske og eksistensielle påkjenninga genetisk risikoinformasjon kan ha for pasient og familie, og forholdet mellom medisinsk bruk av bioteknologi og helse vert problematisert. Det er mogeleg å velje mellom ei klinisk fordjuping i genetisk rettleiing, med ei masteroppgåve tilsvarande 30 sp og 30 sp klinisk praksis, og ein meir forskingsretta master med ei oppgåve på 60 sp

Yrkeshygiene (YRK)

Kandidatar med studieretning Yrkeshygiene skal få ekspertise i å identifisere og vurdere helserisiko relatert til kjemiske, fysiske og biologiske faktorar på arbeidsplassen, samt kunnskap om førebyggjande tiltak relatert til dette.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!