Vis studentum.no som: Mobil

Masterprogram i havteknologi

Universitetet i Bergen

Om utdanningen

Mål:
Utforsking, kartlegging og overvaking av marine miljø og ressursar er basert på marine målesystem og marine installasjonar. Dette har grunnleggjande betyding for utviklinga av fiskeri- og havbruksnæringen, for overvaking av marine miljø (havstrømmer, biomasse, økosystem, havbotntopografi og havbotnseigenskaper), for klima (havtemperatur, og ismasse i nordområda), for fornybar energi (bølgje- og offshore vindkraft), for Sjøforsvaret (aktive og passive overvakingsteknikkar), for petroleumsnæringen, samt ved utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava.
Studieprogrammet har som mål å gje studentane avanserte kunnskapar innan sentrale tema i havteknologi med spesiell fokus på marine målesystem og marine installasjonar. Programmet er bygd opp slik at kandidatane skal utvikle evne til å forstå eksisterande havteknologi samtidig som det er fokus på moglegheiter for vidareutvikling mot framtidig havteknologi. Innovasjon og nytenking vektleggjast. Studiets faglige profil baserer seg på anvendt fysikk og teknologi med sentrale tema som marin akustikk og optikk, måleteknologi og instrumentering og marine konstruksjonar. Verdiskapinga i den marine næringen i Noreg er sterkt vaksande og sentral for næringsutviklinga i åra framover. For å sikre ei god og framtidsretta utvikling treng den marine næringa tilsette med avanserte kunnskapar i sentrale tema i havteknologi, som er kjernen i studieprogrammet i havteknologi.

Innhald:
Studieprogrammet i havteknologi har fokus på «Marine målesystem» og «Marine installasjoner» med spesialiserte emne i akustikk/optikk/måleteknologi og instrumentering og konstruksjon.
I studieretninga «Marine målesystem» inneheld studieprogrammet emne i måleteknologi samt ei spesialisering i instrumentering, akustikk eller optikk. I tillegg kjem valemne tilpassa masterprosjektet.

I studieretninga «Marine installasjonar» inneheld studieprogrammet emne i materialar for undervassteknologi eller marintekniske analyser, eksperimentelle metodar og modellering samt måleteknologi. I tillegg kjem valemne tilpassa masterprosjektet. Arbeidsforma er førelesningar, kollokvia, laboratoriearbeid, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei masteroppgåve. Studieprogrammet består av emne ved Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet.

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er med sine vel 18 000 studenter og nær 4 000 ansatte et mellomstort europeisk universitet. Sentrale deler av campus ligger i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i syv fakulteter med en rekke tilhørende institutter og faglige sentre.

Universitetet i Bergen er også del av et globalt nettverk av studenter, forskere og kunnskapsinstitusjoner.

Vis alle utdanninger fra Universitetet i Bergen

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43
www.uib.no


Studiested

OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!