Lektor framandspråk (engelsk - fransk - spansk - tysk)
Universitetet i BergenLektor framandspråk (engelsk - fransk - spansk - tysk)
Det er eit stort behov for gode språklærarar i skolen. Engelskundervisninga startar allereie i første klasse på barneskolen, og andre framandspråk kjem til på ungdomsskolen eller i den vidaregåande skolen. Den gode språklæraren spreier språkglede. Det å lære språk, bruke språk og dukke ned i ein annan kultur er givande og dessutan viktig for ein open økonomi som den norske. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng. Med praksis som del av studiet får du òg god skoleerfaring allereie frå første semester.
Som lektor utdanna ved UiB får du solid fagleg tyngde. Tilnærminga til undervisning er reflektert og innovativ, basert på kjennskap til nyare forsking om språklæring og språkundervisning.
Fagområdet diskuterer spørsmål som:
- Kva er språk?
- Kva er kommunikasjon?
- Korleis nyttar ein språk i ulike situasjonar?
- Korleis legge til rette for aktiv og motiverande språklæring og kommunikasjon i skolen?
Du vel to fag du vil undervise i: Det eine faget tar du master i, enten engelsk, fransk, spansk eller tysk. Det andre undervisningsfaget kan vere enten engelsk, fransk, tysk, nordisk, spansk, historie, samfunnsfag og religionsvitskap eller sosiologi. Du får eit solid grunnlag i dei to undervisningsfaga, og lærer kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi lærer og underviser fag) og praksis.