Sammendrag
Bachelor
Bergen
3 år
Heltid
Støttet av lånekassen
Høst
Klasserom

Kunst

Kjernen i utdanninga er å utvikle din eigen kunstnariske praksis, sett i samanheng med kunsten sin plass i kultur og samfunn. Frå studiestart møter du aktive kunstnarar, og det er tett kontakt mellom student og undervisar.

Bachelorprogrammet har mykje sjølvstyrt læring, og du må ta ansvar for å tileigne deg eit breitt og relevant kunnskapsgrunnlag for utviklinga av eigen kunstpraksis. Samtidig må du delta aktivt i felles forum for diskusjon, kritikk og erfaringsutveksling. Gjennom studiet lærer du å presentere og reflektere over ditt eige og andre sine kunstnariske arbeid.

Utdanninga er forankra i rettleiing, og kan supplerast med ulike kurs og seminar frå eit samla undervisningstilbod ved Fakultet for kunst, musikk og design. Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst kunngjer det samla kurstilbodet kvart semester.

  • Profesjonell kunstnar
  • Kurator
  • Kritikar
  • Produsent
  • Teknikar
  • Undervisar

Kontaktinformasjon til Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Postboks 7800
5020 Bergen

Tlf: 55 58 00 00
Fax 55 58 96 43


OMTALER

Det finnes ingen omtaler av denne utdanningen ennå. Bli den første!